Stein Torleif Bjella

Om det å felle ei tåre...

Ål fekk endeleg takka sine kjære i Hellbillies her om dagen. Det vart ein hyllest te karadn som jo har betydd mykje for Ål.Men, ikkje berre det. Heile Hallingdal har mykje å takke desse karadn for. Og Hellbillies har heilt sikkert mykje dei ville takke uss i Hallingdal for også. Eller det vil si. Det har dei vel ratt gjort i ein 20 års periode det... Her kjem i alle fall mi lille historie.

Mi eiga tru Tå personlig overbevisning har eg i vaksen alder halde meg til Hellbillies religionen. Dei lune, ærlege og underfundige historiene som blir fortalt gjennom geniale musikalske kromspring. Eg har vore fan heilt sea den dagen verden høyrte om Hellbillies for alle fyrste gong, nemleg på Radio Hallingdal. Det var der dei fyrste strofene song ut på eteren i si tid. Men, det visste dikkon vel? At eg sjølv var trommis og såg opp til alle som spelte betre enn meg sjølv, gjorde ikkje saken enklare. Altså, det vart ikkje lettare å gje slepp på godfølelsen. For det svinga tå Hellbillies. Det har det gjort sea dag ein.

Den aller fyrste...

So har det altså gått 20 år. Eg var seksten år då karadn slo gjennom, og Sylspente Boots var det aller fyrste kasettbandet eg spelte på stereon i nyetraktoren til far min, som eg disponerte på den tida. Ja, ikkji slik altså. Far min lot meg låne den. For det meste.

Om det å felle ei tåre Hellbillies har betydd ein forskjell i livet mitt. Dei har gjort at eg har kunne fortsetta å være stolt tå dialekte mi. Ja, eg trur så sannelig at dei er ein medvirkande årsak te at eg i si tid vågde å kalle Høve Støtt for Høve Støtt. Men, ikkje berre som inspirator ko gjeldt språk. Også musikalsk. Eg får frysningar på ryggen i pur glede då eg høyre låta som e skrivi tå Hellbillies. Så har eg kanskje vøri heldigare enn dei fleste. Eg fekk nemleg lov te å arbeide sammen med gjengen på slutten av 90 tallet. Det va meir enn trivelig. Ein fantastisk hjertelig gjeng. Humor, humør, profesjonalitet, generøsitet, engasjement, audmjkukheit og stoltheit. Verdier eg prøvde å adobtere og gjere om til mine på mitt vis, då eg nokre år seinare skulle klare meg sjølv.

Det vart derfor spesielt sterkt for meg då eg opplevde to av mine alle største helta i frå ungdommen spela på samme scene på Ål Kulturhus. Stein Torleif og Lars Håvard. Eg innrømmer med ei gøng at det kom ei gledeståre då. Akkurat som då det litt seinare i programmet var klart for overlevering av Den finaste e veit til neste generasjon Hellbillies entusiaster. Ispedd ein dæsj kjente og halvkjente nordmenn som på kvar sin måte hylle Hellbillies. MItt Hellbillies. Og ditt. Kjære, Bjørn Gunnar, Lars Håvard, Arne, Arne, Aslag og Lars Christian. Tusen hjertelig takk!

www.hellbillies.com

Spel, Bjella! Spel!

Like før hlelga va eg på jobb for Hallingplast nere i Kleivi Næringspark. Hallingplast feirer nemleg 40 års jubileum i år. I forbindelse med dette, var det laga te ei faglig samling i den gamle produksjonshallen. Med flotte foredrag og god underholding. Og mat! Fantastisk Hallingtapas i fra Geilomat / Bardøla Høyfjellhotell. Maten smakte utsøkt, men det som imponerte meg aller mest, blant faglig innhold og herlig mat, var likevel underholdningen. Stein Torleif Bjella. Har du ikkje høyrt om mannen, så er dette altså ein stille, smart, lur og vidunderlig type i frå Øvre Ål. Ein karakter som er det fordi han tek seg tid til å være seg sjølv. Stein Torleif har skrivi låter i mange år, og nokon kjenner kanskje til hans forrige prosjekt, som heitte Tolv Volt. Det også er stein-tøft!

Stein Torleif Bjella, fungerer også veldig bra aleine. Heilt aleine. På klubbscena, på plate eller på visekonsert. Aller helst skulle han ha vore i di eiga stue. Og spelt. For han gjer det så inderlig godt.

Under 40 års markeringa til Hallingplast kom ham med Kreken på bass og ein byfant på gitar. Herlige fyrer begge to. Stein Torleif kom med seg sjølv, gitaren og sine sjølvskrevne låter. Det er ikkje rart at Kjartan i Dum Dum, har sansen for det Stein Torleif gjer. Og Kjartan kan si ko han vil om ko som helst innanfor norsk musikk. Eg meiner. Han har jo laga det som er aller, aller best! For meg er det Dum Dum mystikk i det Stein Torleif leverer. Berre litt høfligare. Litt roligare. Litt meir jordnært. Slik det ofte kan framstå i Øvre Ål. Rolig og jordnært.

Gå på butikken. Spør etter CD`n Heidersmenn

Stein Torleif Bjella med band

Den vil du like. Spel skiva i lag med stillet i heimen. Eit glass portvin kanskje? Vær forberedt på at dette tek litt tid. For du vil heilt sikkert spele skiva ei gøng te.