Google vs. Goffa

Eg har kloke folk rundt meg overalt. Mine barn kan spørje om kva som helst, og svaret kjem frå folk som veit, har opplevd og eller erfart. Vil dette være slik i framtida? Kilden til informasjon er viden kjent. Altså Google. Men, er det kilden til kunnskap? Google, altså?

Kva er den høgaste bygningen i India? Kva er strøm? Kvifor heiter eg Medhus? Når er det sumar i Syden? Det er sonen min som spør. I rommet me sitt i, er det eit heilt sett med såkalla «besteforeldre». Både Gommo og Goffa. Svara kjem raskt. Nesten uansett. Gommo svarer på det som ikkje Goffa kjem på i farta. Det er kunnskapsoverføring, «live on location». I skarp situasjon skjer det vedunderlege, gang på gang. Kunnskap blir til ny kunnskap. Ikkje basert på fantasi eller tru. Men, på rein og skjær kunnskap. Gommo svarer. Goffa svarer. Og den yngre delen av flokken spør. Spør utan hemning eller hindring. Er ikkje redd for å spørje om noko som helst. Og slikt blir det svar av. Og svar blir til kunnskap. For alle som høyrer etter i alle fall. Og evner å lagre den nye informasjonen.

Tenk deg ei tid utan Google. Då var Goffa og Gommo sikre kilder, og for mange dei einaste kildene til kunnskap utover det opplagte og planlagde frå foreldre og skuleverk. Den tida ikkje Google var ein del av daglegtala. Eg tenkjer slik. «Støy» og partikler blir til data. Be-arbeidde data blir til informasjon. Informasjon levert på rette måten blir kunnskap. Kunnskap satt i scene med gode eksemplar blir visdom. Den enkle formelen er kanskje slik: Om ein stiller mange spørsmål, blir ein klok. Men, eg er redd det skil seg litt på kven du spør. Mange tastar inn spørsmål i søkefeltet til Google og lar seg fylle opp av alt som der dukkar opp. Er det sant og riktig det som står der? Eg tviler på at det som kjem i slike søkefelt er akkurat det ein lurer på. Om ein for eksempel søkjer på ordet GOFFA får ein vite at det er ein teddybjørn-produsent i USA som har det namnet, og at det betyr leskedrikk utan alkohol i Australia (på sleng…). Så om ein verkeleg vil ha eit skikkelig svar, så må ein nok ty til dei levende kildene. Dei som i tillegg til svaret, har ei strofe, eit eksempel å vise til.

Tek me uss nok tid til å stille kvarandre spørsmål? Kvifor spør ein ikkje meir kvarandre? Unge spør meir enn dei gamle. Dei gamle svarar betre enn dei unge. Kvifor er me ikkje meir varsame med å etablere sannheter, som jo i fleire (og fleire) tilfelle er basert på feil informasjon. Eg unner alle ein Goffa og ei Gommo ein kan spørja seg til råds hjå. Det finnast for mange kjelder til feil informasjon der ute. Og ja. Google er også kilde til akkurat det. Ein skal nemleg være temmeleg presis for å finne akkurat det ein er på jakt etter. Og der er jo Goffa og Gommo i særstilling. Berre ved å stille eit par oppfølgingsspørsmål… Kva er det EIGENTLEG du vil finne ut av? Kanskje er Google + Gommo ein av dei sterkaste kombinasjonane i kunnskaps-sanking?

Så frå ein som aldri blir lei av å spørje kjem det ei oppmoding; Spør kvarandre. Baser kunnskapen din på korrekt informasjon. Det starter ofte med å stille eit eller fleire spørsmål til levende menneskjer. Og mitt tips; start hjå ein som har hederstittelen Gommo eller Goffa. Uansett, om du er ung eller gamal. Ikkje la deg trollbinde av Google. La deg inspirere av levende fakta- og kunnskapsoverføring.