Samfunn i samspel

dyrespor-detaljer-geilo-sentrum-emileholbalowres-46.jpg

Samfunn i samspel Geilo har det beste foran seg og no begynner det verkeleg å dra seg til, positivt. Og signala er tydelege og klare: Fleire enn før skal, og vil, til Geilo. Geilo sitt publikum vil tilbake. Og det kanskje stikk i strid med nokre av skrivebordsrådgivarane der ute si oppfatning av situasjonen.

Og eg har sagt det mange gonger, og gjentek det gjerne: MI oppgåve er at "Førestillinga GEILO vert spelt perfekt kvar gong. Ho skal opplevast ekte og ha utgangspunkt i dei naturgitte føresetnadane Geilo er aleine om å ha".

Eg skal ta fram alle regiknepa Bjørn Sæter har lært meg. Detaljane skal på plass, roller skal fordelast. "Work is Theatre & every Business a stage" (Undertittel på boka The Experience Economy – Pine & Gilmore 1999). Geilo skal vise fram "Samfunn i samspel",  bygge identitet og ose autentisitet.

Og vårt viktigaste verktøy vil vere eit komplekst, samansett og multifunksjonelt verktøy. Verktøyet heiter: Bærekraft. Definisjonane er mange og bruken av ordet er innimellom litt slitt. Ja, til og med feil etter mi meining. Eg vil prøve å forklare kva eg som turistsjef på Geilo legg i omgrepet, og korleis me skal bruke det for å tiltrekke oss eit endå større publikum. Anne Dorthe Carlsson lærte meg i eit av mange møter om emnet, at bærekraftig er ikkje noko ein blir, men snarare noko ein alltid kan bli betre på. Ein kan alltid bli meir bærekraftig. Det trigga meg veldig å forstå akkurat det.

«Samfunn i samspel»

Dette skal etablerast som arbeidsmetode, mål og visjon for reiselivsutviklinga i reiselivskommunen Hol; Samfunn i samspel. Geilo; gjennom tidene ein av dei mest besøkte og stadig populære fjelldestinasjonane i Noreg, omkransa med kultur- og naturarv på alle kantar.

Kva legg eg så i omgrepet samfunn i samspel? Mykje og mangt, på både kort og lang sikt.  Det er frå mi side frå før uttalt at reiselivet er summen av alle kjente næringar og levemåtar i eit samfunn. Det er altså variasjonen i og på staden som er utgangspunktet for eit reisemål sin attraksjonsverdi. Andre viktige faktorar er korleis ein fortel sine historier til sitt publikum. Det betyr altså at ein vågar og evnar å iscenesette det ein vil vise fram, slik at bodskapen kjem fram og at publikummet får den opplevinga dei er på jakt etter. Eller endå betre, den opplevinga dei ikkje hadde forventa å få så sterkt innover seg akkurat der og då.

Eit samfunn som er i samspel vil kunne gje alt dette. Men, det gjer seg ikkje sjølv. Det er ingen ting på ei teaterscene som berre blir slik. Der er det alltid nokon som har ein plan, og endå fleire som kjem med innspel til denne planen. Lys, lyd, scenografi, kostyme, manus, rekvisita, kulisser, dei ulike rollene og sjølvsagt; sjølve fortellinga.

Samspel krev også at ein har funne ut kva ein skal framføre, kva ein vil fortelje og/eller formidle. Om det er musikk eller kun tale. Kven skal gjere kva og på kva måte. Geilo skal sjå på dei store linjene i sin dramaturgi. Dramaturgi har eg prøvd fleire gonger å forklare med denne setninga: Kva skjer når, for kven og kvifor? Korleis opplever publikum det som blir fortalt? ER det slik at førestillinga Geilo med sine ulike scener vert spelt godt kvar einaste gong? Det er mange som skal og må bidra for å få til dette. Eg kunne godt tenke meg å ta på meg oppgåva som regissør. Destinasjonsiscenesettar (!) om du vil…

Det er mykje som skal takast omsyn til for å lykkast med å få samfunn i samspel. Eg meiner det bør vere ei oppgåve som tiltaler mange av Noreg sine reisemål.

Dyrespor-detaljer-Geilo sentrum-EmileHolbaLowRes 46

Tempo, takt og tone

Så var det dette med tempo då. Mitt store forbilde innan teaterverda heiter Bjørn Sæter. Han og eg har jobba mykje saman rundt om i landet og sett både det eine og det andre potensielle prosjektet svinne hen på grunn av feil tempo. Bjørn har lært meg mykje om kva tempo kan vere på ei scene eller i eit opplevingssrom. «Opplevingsrommet» vart klokt skrive om av Lena Mossberg i boka «Å skape opplevelser; fra OK til WOW!».

I mi verd er Geilo eit stort opplevingsrom, med mange små scener som vert omfatta av  den overbyggande historia. Og her blir det viktig med tempo. -Temposkifter er ein kunst, har Bjørn sagt. Og eg er einig. Det er ein kunst å bruke tempoet i samfunnet som ein positiv drivar og som ein forsterkar til det publikummet opplever der og då. Geilo må og skal bli gode på tempo, og temposkifter i sine førestillingar i framtida.

Takt er jo minst like viktig. Ein treng ikkje vere avdanka trommis for å forstå at tempo betyr noko for dei aller fleste. Men, det er jo også viktig at ting er i takt. Utbyggaren, kjøparar, kommunens politikarar og administrasjon, samt vårt alltid like viktige publikum må vere einige, altså vere i nokon lunde takt. Vere einige om tempoet, så opptre i takt. Så klart vil det bli stader der det er litt «humpete», men målsettinga for det store Geilo-ensemblet må vere å framføre i takt.

Tone? Kva for toneart skal Geilo spele i? Vel, det fine er jo at også dette kan variere. Berre ein er einige og veit kva for melodi som skal spelast, så kan også Geilo vere til for fleire og nye målgrupper.

Ta for eksempel øvinga Beitostølen, Hemsedal og Geilo no har begynt på. Tre av Noreg sine mest populære heilårs fjelldestinasjonar skal ut i verda å gjere seg attraktive og selje seg som ei eining. Det krev mot å ta fatt på dette. Og då må i alle fall tonen vere sett frå fyrste stund. At tre ulike samfunn no er i samspel blir lagt merke til. Fyrst og fremst er det publikum som legg merke til dette og ser alle fordelane dette har for dei. Salstalla så langt i 2014 vitnar om at det er ein god melodi. Ein HIT rett og slett!

Forvaltning og formidling

Petter Braaten er ein av dei andre store kjeldene til inspirasjon i min kvardag. Han er vaktmeister i Hallingskarvet nasjonalpark. Han og eg «møttest i trappa». Me møttest, reint fagleg i Pine & Gilmore si POEV (Progression of Economic Value) trapp. Råvare- produkt – teneste – oppleving – transformasjon. Ho er eit av dei tre basisverktøya frå boka «The Experience Economy» som kom i 1999, og er grunnlaget for alt du i dag les om opplevingsteoriar. Dette er eit fagfelt eg har fordjupa meg grundig i og jobba mykje med i praksis. Rett og slett reist Noreg rundt og jobba med utvikling av små perler på forskjellige snorer.

Så var det altså slik at Petter, som jo er statens mann og tilsett i Statens naturoppsyn og skal forvalte det Hallingskarvet nasjonalpark er verna for . Han og eg møttes i felle forståing av at det er noko meir enn service som betyr noko for folket. Og i nokre forhold seier det berre «klikk». Slik var det for meg med Petter. Plutselig forstod eg at det var håp hjå statens eigne menn som går rundt i uniform og er forvaltarar. For når me no har jobba saman i snart fem år, så er det forvaltning gjennom formidling, det å verne gjennom å bruke som er melodien her oppe. Det er ei sann glede å oppleve resultata etter at det er tilrettelagt for at ein større del av publikum skal få ta del i Hallingskarvets unike plassering, natur- og kulturarv. Det heile iscenesett av SNO, eit sett med gode verdiar og intensjonar i botn og så eit stort ynskje om å formidle. Å vere iscenesettande og formidlande i sitt oppdrag som forvaltar krev mot. Og Geilo og heile Hol kommune er heldige som har SNO i bygdas ensemble.

No framover blir det også spennande å sjå kva ein får ut av prosjektet som tek for seg besøksstrategi. Altså; kva er det eit potensielt større publikum forventar seg, vil ha og treng på scena Hallingskarvet nasjonalpark. Me, altså det kommersielle selskapet Visit Geilo as, har engasjert oss i dette arbeidet fordi det har stor verdi for det totale reisemålet at alt er i takt. Samfunn i samspel inkluderer i ytste konsekvens alle og alt. I ulik grad så klart, men det er viktig «å strebe etter» ei utviklingsom gagnar flest mogleg. Ei bærekraftig utvikling rett og slett.

Ensemblet vert samla

Det er i desse dagar me med stor glede har motteke brev frå Innovasjon Norge om at me er godkjent for fyrste del i arbeidet med å motta merket for eit Bærekraftig reisemål. No startar den verkelege jobben der me skal finstemme alle dei ulike instrumenta i det store ensemblet. Me skal finne tonearten og vere kreative innanfor denne. For det er nemleg fullt mogleg. Å «jazze» seg litt, gjer at ein ofte blir sett på som både interessant og smart. SÅ skal me bestemme oss for takt og tempo. Dette meiner eg me skal gjere ved å bli gode på temposkifter. Gjennom sesongar, planar, utval, arrangement og andre ting som er med på å påvirke tempo og takt.

Me skal jobbe med sosiale verdiar for bygdefolk og folk som kjem til bygda. Me skal jobbe med kvaliteten på det me «leverer» og ikkje minst på det me vel å iscenesette på dei ulike scenene rundt omkring i vår mangfaldige reiselivskommune.

Målet med alt dette er at det blir fleire som får god nok økonomi i det dei jobbar med og vil satse videre. Roller skal fordelast, historier forteljast. Det skal byggast kulisser og det skal lagast manus, gjerne med utgangspunkt i den unike kultur- og naturarven me har her i kommunen. Framført av hovudpersonen sjølv, Geilo.

Det einaste som er heilt sikkert er at det er førestilling kvar einaste dag. Frå og med i dag, og i all overskueleg framtid.