Eg er attende...

Det gjekk eit år. Litt meir faktisk. Før eg bestemte meg for å blogge att. Og no er eg der. I slikt bloggemodus. Det har skjedd mykje på dette året. Som turistsjef i ein av landets travlaste reiselivskommuner så er det klart det er travle dager. Men, det skjer aller mest i den positive enden tå pendelen. Reiselivsnæringen er meir samle enn nokon gong. Me jobber med fleire enn før, og kanskje til og med nokon vil kalle det "uvanlige koblingar" det Geilo er med på. Mulig det. Men, Norway - Home Of Skiing er i ferd med å bli ein av norsk reiselivs store suksesshistorier.  For reiseliv er først og fremst samhandling. Det er samhandling i samfunn. Små og store, som på kvar sin måte skaper det som er sjølve årsaken til at folk reiser, og då til slutt besøker uss her oppe. Sampelet bør jo då også foregå i samtid. Altså att me har samma klukke på hønde. Samme klukke og samme perspektiv. "Samfunn i samspel" er ei av dei korte og for meg lett forståelege forklaringene på ordet bærekraft. Og legg ein til natur og kultur, så har ein kommi eit godt stykke på vegen. "Samfunn i samspel med natur og kultur"

Me har jobba mykje med bærekraft i Geilo-regionen den siste tida. Svært mykje rett og slett. Me tok fatt på prosessen Bærekraftig Reisemål som er initiert og utvikla av Innovasjon Norge gjennom eit pilotarbeid der Vega, Lærdal, Trysil og Røros brøyta veg for uss andre. Eg er både stolt og glad for at me har gjort akkurat det. Fordi det betyr meir enn det veldig mange i bransjen forstår...

Fyri helgji kom brevet i frå Per Arne Tuftin og Innovasjon Norge som ynskte uss lukke te videre. Dei fyrste oppgåvene me har løyst er godkjent, og me kan ta fatt på vegen videre. Å arbeide med bærekraft i reiselivet kan ikkje bli bra om ein ikkje har med seg folk som har praktisk erfaring på alle nivå. Det er praktiske endringer og initiativ som gir resultater. Ikkje berre exel og innføring i perm. Prosessen på Geilo har med seg mange praktikere som har erfaring med det å jobbe i reiselivet. For det må ein ha. Men, kvifor era me så få som gjer dette arbeidet? 20130626-205656.jpg

Rundt uss er det no kun Svalbard som har kommi like langt, og Setesdal er på veg i stort tempo. Og eg undres jo litt, på kvifor det er slik at det er så få reisemål i verdens reinaste land som tek tak og utvikler seg til å bli enda meir bærekraftig. Ein blir nemlig aldri 100% bærekraftig, fordi ein alltid kan fobedre seg. Uten å bli alt for fagnerdete, så meiner eg at alle indikatorer ein blir målt på og dei kriterier som stilles krav til i ordningen er eit minimum tå det ein kan forvente seg av eit reiselivsland som Norge. Og på onsdag kjem MIljøvernminister Tine Sundtoft på besøk og skal åpne Prestholtrunden. Eg håper eg får 10 minutt te å forklare eit par tå dei utfordringene norsk reiseliv har, som feil departement har blitt satt til å bestemme over...

Så folkens. Her er eg. På`n att med blogging. OM det blir like godt motikji som for eit år sidan, er opp til deg og andre lesera. Eg kjem no i alle fall til å bruke bloggen min til å ventilere litt inn i mellom. Nokre gøngu stutt, og andre gøngu litt lenger.