1 måned som turistsjef var nok!

1 måned var nok til å forstå at eg har gjort det riktige. Ja, for makan til måned med arbeid eg har hatt har eg aldri før opplevd. Høgt tempo. Imponerande mange positive innspel, oppspel og sampel. (IOS). Eg liker veldig godt å jobbe med heile reiselivet i Hol Kommune med Geilo som ein svært framoverlent og offensiv del av dette! Så kva har eg gjort? Omtrent dette:

  • Laga Handlingsplan fro Partnerskapet mellom Visit Geilo og Hol kommune. 15 handlingspunkt med konkrete tiltak.
  • Besøkt 12 reiselivsbedrifter i Hol kommune
  • Løfta bærekraftbegrepet høgare opp i bevisstheten, og gjort det meir kjent of forståelig for flerie...
  • Avholdt mitt fyrste Symøte. Samhandling og ytring. Tema: Felles arrangementskalender. Denne er under konstruksjon.
  • Laga ferdig ein stragi og framdriftsplan for 3 nye turistkontor i Hol kommune neste sumar.
  • Blitt knytta til prosessen med sosiale meider i Hol kommune
  • Etablert kontakt med profesjonelle PR folk som eg skal jobbe med framover
  • Deltatt på noen og 20 møter som alle handler om reiselivsutvikling i Hol kommune.
  • Hatt min fyrste klagetelefon frå illsint hyttegjest. Me vart enige til slutt. Skal drikke kaffi på Cafe Mocca i desember.
  • Bidratt til at Geilo sentrum får eit innhald allerede til sumaren.
  • Sagt ja til det aller meste eg er spurt om.
  • Reist mindre og opplevd meir.

Altså: Eg har gjort mykje og mangt. Virkelig storkost meg har eg. Så no blir det spennende i fortsettelsen. Det er utruleg mykje som kan jobbes med og mange prosjekt som skal startes og holdes framdrift på. Hol kommune er ein fin plass å jobbe i, like mykje som det er ein fin plass å feriere i! Dette vil verden få merke meir til med meg og andre offensive reiselivsfolk i dytten,  med riktig fokus framover!