22. august vart heilt spesiell. Igjen.

22. august vil alltid stå for meg som ein helt spesiell dato. For meg er det på denne datoen at dei virkelige store valga har vørti tikji. Og i år skjedde det igjen. I 2008 vart eg far for fyrste gong den 22. august. Den største dagen i livet. Det året var Høve Støtt og eg i dytten. Me var framleis på ei god bølge av folk som ville til fjells for å gjera reiselivsnæringen mett. På det tidspunktet var selskapet 4 år gamalt. Ingen alder for eit selskap kanskje, men uansett i vital forfatning og med høge ambisjonar. Det var likevel noko som skjedde med og i meg den 22. august i 2008. Perspektivet. Fokuset. Måten å tenkje på. Entrepenøren i meg hadde godt av fokusendring. Gründeren i meg hadde godt sv å sjå eit nytt skaperverk bli til. Stabeistet i meg hadde godt av konkurranse. Motivatoren og mentoren i meg hadde godt av påfyll. Og alt dette fekk eg, og benytta meg av i fulle drag. Derfor skjedde det mykje i meg. Ei endring som skulle vise seg å ta skikkelig fart 4 år seinare. For det måtte ein 4 åring til for at eg skulle forstå alvoret og ta viktige og riktige verdivalg.

Å skape ei reiselivsbedrift med Høve Støtt Hallingdal sitt format er tidkrevande. Det er mange ting ein må prioritere, og då er det alltid noko som får mindre. For meg har det alltid vore knytta bevisste valg til dei tinga som har skjedd, blitt utvikla og satt i gang i regi av opplevelsesprodusenten Høve Støtt Hallingdal. Nokon vil kanskje til og med bli overraska over kor grundig ein del av dette er jobba med og forankra i dei verdiene firmaet er tufta på. Hug, leik og alvor var, er og kjem til å være dei 3 orda som kjennetegner og diver Høve Støtt Hallingdal videre. Og alt med bærekraftprinsippene som premiss. I praksis og på orntlig.

Det har vøri ei fantastisk reise. Ei reise eg heilt i starten ynskte at skulle ta den retningen den no har tikji. I nokre medier kan ein lese om at det oppleves som dramatisk og overraskende at eg no har solgt livsverket og skal ta fatt på ei ny reise. Dette har eg planlagt i snart 10 år. Når moglegheiten no kom i heimbygda, var eg aldri i tvil. Eg ville bli Turistsjef, og eg gjekk tungt inn og grundig til verks. Og eg fekk jobben. Den 22. august 2012 skreiv eg under på kontrakta med Hol Kommune. Det var noko som skjedde med og i meg den 22. august i år. Perspektivet. Fokuset. Måten å tenkje på. Entrepenøren i meg har framleis godt av fokusendring. Gründeren i meg har alltid godt av å sjå eit nytt skaperverk bli til. Stabeistet i meg har godt av konkurranse. Motivatoren og mentorering i meg har behov for påfyll.

Det er 3 forhold som vil gi meg alt dette. Ein fornøgd 4 åring og ei lita tulle på 1 år, som får meir tid med pappaen sin. Eit bærekraftig (levedyktig)'Høve Støtt Hallingdal med 3 forrykende medarbeidere, deriblant kjeringji, som bedriv hug, leik og alvor. Og ein reiselivskommune som tenkjer samhandling, vertskap, og produktutvikling. Og alt med bærekraftprinsippene som premiss. I praksis og på orntlig. Det er dette + full støtte hjå mine næraste, som ligg til grunn for at eg no har tikji dei verdivalga eg har tikji.

Pål Knutsson Medhus Landsbyskald

20120823-081200.jpg