Ja vel, Hr. Nærings- og handelsminister

Nærings- og handelsminister Trond Giske la for ikkje lenge sea fram ein strategi for norsk reiseliv. Den har eg lest. Så har tida gått. Eller kanskje til og med stått? For kva har skjedd i norsk reiseliv sidan strategien "Destinasjon Norge" kom ut? Eg kunne tenkt meg ei nettside eller eit eller anna forum der det kontinuerlig vart oppdatert det som faktisk skjedde og vart gjort i henhold til dei flotte orda som står i det 90 sider store dokumentet. Eg veit det har skjedd ting, men er litt usikker på kva og kor mykje. Det står blant anna at bærekraft skal brukast som overodrnet premiss i den nye strategien. Og so då? Har det vorte gjort noko i retning av dette? ER det konsulenter som sitt ein eller anna plass og jagar lange setninger om kva me som reiselivsland bør væra, eller er det avhalde noko form for samling der ein er enige om eit handlingsprogram med konkrete tiltak? Kva med økonomien i dette? Skal ein bruke av markedsmidler, som vel i utgangspunktet ikkje er så store potten, slik at me gneg på det me har? Eller er det slik at det følgjer nokre friske kroner med strategien?

Eit spørsmål til deg, Nærings- og handelsminister Trond Giske: Kjem det ein konkret handlingsplan der me ser nye konkrete tiltak som skal iverksettes slik at me for eksempel skal kunne nå målet om økt verdiskaping og produktivitet i reiselivsnæringen?

Oppfølgingsspørsmål: Dersom det er slik at små og mellomstore bedrifter er ein del av reiselivet i destinasjon Norge. På kva måte skal dei små og mellomstore bedriftene merke dette positivt? Ja, for det står jo også det at du har som mål at strategien skal bidra til fleire heilårlege arbeidsplasser og meir solide bedrifter, SÆRLEG i distriktene. Kva gjer dikkon her, Hr. Nærings- og handelsminister?Hr. Nærings og handelsminister Trond Giske presenterer reiselivsstrategien "Destinasjon Norge."

Eg har eit håp om at det snart skjer noko konkret på bærekraft og kunnskap. Dei følgjer kvarandre tett. Og om du meiner at det er Innovasjon Norge som skal gjere dette, so vil eg minne deg om at dei vart kraftig nedbemanna for litt sea og er ein del mindre enn for eit år sidan då dokumentet på 90 sider var godt i gang. Skal Innovasjon Norge sine medarbeidere gjere alt det som står i den nye strategien, i tillegg til det dei skal gjennomføre av daglege ansvarsoppgåver?

Du kjenner meg. Eg spør og eg spør. Og om du vil kan me godt møtast og finne ut kven av oss som skal gjerea kva for å få litt framdrift på fleire av måla i "Destinasjon Norge". Eg trur nemleg det er mange i norsk reiseliv som verkeleg er klar til å ta i eit tak, meg inkludert.

Med hjarteleg helsing i frå Geilo Nasjonalparklandsby.

Pål Knutsson Medhus Landsbyskald.