Vegen blir til mens du står.

Du har kanskje tenkt tanken sjølv? Der du står. Og står. Tenkt på at vegen blir til mens du står der og venter. Og venter. Etter mi meining er det superbra at me må stå og vente litt. På at vegen blir til. For den blr jo virkelig det. Vegen. Og så så mykje veg då. Eg er heilt imponert eg, over kor mange plasser me må stå og vente her i Hallingdal no i ein periode. For ikkje så lenge sea var det eit politisk parti som gjekk hardt ut i media og tok æra for at det vart asfaltert ein stubb på Riksveg 7. Og ære være dei for den innsatsen. Men, no er det meir stille. Det er på sett og vis ingen som som har tikji på seg skulda for det som no skjer. Ikkje tå dei politiske partia i alle fall. Ramsrudhellingene og Sokna – Ørgenvika er også fantastiske vegprosjekt folk har jobba mykje med å få realisert. Ein stor takk til dei som har fått til dette. For no begynna det virkelig å bli bra!

Breie flotte veger med god oversikt til høgre og venstre for den nylagte asfalten. Flatt og nesten ikkje eit einaste høl. Ikkje som før i alle fall. Då va`re visst 6000 høl. Trur det va` i 52. Men no! Reinaste storvegen. Mang ein bilist eller turist sit sikkert bak rattet og tenkje: Å dæven! Her i Hallingdal har dei gode vega! Og ja! Me har det. Me har svært gode vega, stort sett. Og no har forsyne meg folk i posisjon tenkt å gjera noko med den øvre delen også. Og på toppen av det heile kjem det te å komma ein stor tunnel som opna opp for nesten ko som helst. Om sumaren og om veten. Der også er det slik at følk legg ned eit utruleg stykke arbeid i få få dette i stand. Friviligheita har liksom ingen grensu virka det som. Eg hadde tikji tå meg strikkaluva mi om eg hadde gått med slikt, for dei som får dette til. For den forbedringa vil være ein av dei tinga som virkelig vil gjere Hallingdal meir attraktiv for svært mange flerie. PÅ sumaren og på veten. Vegskråningene kje, ein heller ikkje utanom. Altså, ikkje bokstavelig talt, men slik å forstå at dei må jo også nevnast. For nokon har forstått også dette. Dette med at det er så forbaska mykje finare å køyre og sjå, når det ikkje er tett med kratt og kvist heilt innpå køyretøyet. No er det jo rydda i metervis både i breidde og lengde. Gode tiltak som i tillegg til å være estetisk vakkert, også har store gevinstar reint sikkerhetsmessig. Vil eg tru.

Og i påvente tå nye store prosjekt, så blir altså vegen til mens me står. Står og venta på at det skal sprengast, piggast, gravast, tømmast, høggast, ryddast, kvistast,  valsast, tenkast og jobbast. So eg er veldig fornøgd med all den ventingji som no må til for å forsere Hallingdals livsnerve tå asfalt. Og tenk! Me har tess meir 2 livsnervu me som bur her oppe. Togbanen er jo ei velsigning i seg sjølv.

Kanskje det no er slik, at både veg og bane blir til mens du står? Køyr forsiktig og nyt utsikten!