Det finnes ikkje noe eige reiseLIV...

Det er jo egentlig litt rart å tenkje på. At det ikkje er noko som er sjølve reiselivet, aleine. Nei, for reiselivet er nemleg summen av dei andre sine liv. Og det er dette folk som reiser heile livet vil sjå. Korleis andre har det, har hatt det og korleis ein sjølv kan bli ein del av andres liv. På reise. I livet. Eg tenkjer på det kvar einaste dag. Kva hadde reiselivet rundt omkring vøri forutta dei andre næringene? Reiseliv er på sett og vis eit konstruert ord som har fått utruleg mykje oppmerksomheit. Det finnes eigna reiselivsstrategier, reiselivslag, reiselivsplaner, reiselivssjefer og mykje anna. Men, eg stiller meg altså spørsmålet; finnes det egentlig noko eige reiseLIV?

Kva er for eksempel reiseliv uten eit levandes landbruk? Eg meiner at dersom reiselivet i Hallingdal skal styrkast, må ein blant anna sørge for eit levanda, innovativt og tilstedeværende landbruk. Slik at den lokale matproduksjonen aukar, og ikkje forsvinn. Folk som reiser og kjem hit, har ofte ein svært høg betalingsvilje for å få tak i og opplevel lokalprodusert mat.

Skinke frå Kvislapurku, lam frå Hallingskarvet, sjokolade tå geitemjølk og ost i frå Nasjonalparken? Vel, det høyres kanskje ut som det er ifrå ein eller annan plass i utlandet, men det kan altså bli ein del tå reiselivet i Hallingdal om ein no berre sørger for at landbruket får den nødvendige drahjelpa som trengs. Kven ringjer dei unge bøndene og sett i gang eit og fleire prosjekt rundt lokal matproduksjon?

Reiselivet i Hallingdal er dessuten rikare med ein levande og eksisterande industri. Ikkje industri for seg sjølv, og reiselivet for seg. Nei, for industrien i Hallingdal er ein del av dei gode historiene folk vil ta del i og høyre om når dei er på reise. I livet. Dersom industrien forsvinn frå Geilo og andre stader i Hallingdal, svekkes reiselivet. Enkelt og ugreitt.

Toglinjer, asfalt, stier og løyper. Altså dette med å komma seg frå A til B. Det er jo ofte sett på som noko som er i slekt med reiseliv. Men, det er meir. Det er ein del av reiselivet. Så det er ufattelig viktig at taxinæring, buss-selskap, ruteplanlegging, stoppestader, skilting og informasjon blir tikji skikkelig på alvor. For folk er avhengige av dette! Også når dei reiser. I livet.

Og det er klart me kunna ha fortsatt. Eg kunne skrive lenge om kor viktig det er å samarbeide, samhandle, samles og ha ein samstemt plan. Alle forstår nok at det å gjera ting i lag er noko anna enn å redde verden aleine. Alle som driv med noko i dag er ein av fleire ingredienser. Du og eg er halv-fabrikata. Me er avhengig av minst ein eller to te! Som det meste her på jorda. Reint biologisk…

Eg trur det derfor er langt bort i 50 – 60 % av befolkningen i Hallingdal som jobber med ting kvar dag, som skaper reiselivet for folk som bur, kjem og reiser til Hallingdal. Sjølve reiseLIVET er nemleg alle andre historier, hendingar og opplevingar som folk som reiser vil ha ein del av. Kommersielt sett blir det altså slik; alle kan tene meir peng ved å gjera seg tilgjengelig for folk som reiser. I livet.

God reise!