Eg og mi bedrift har gjort mange feil. Tryna, og reist uss opp att. Tapt penger. Blitt lurt. Stanga, og prøvd igjen. Ei av våre aller sterkaste evner er å ikkje gi opp på svarte dager. Tanken har kanskje til og med slått ned i uss. Å tenke er bra. Det er jo på sett og vis eit bevis på at ein er. Men, i banken kjem ein ikkje langt med berre tanken. For meg handler det om å gjere noko med dei tankene som kjem og dukkar opp. I praksis, altså. Utvikling vil mange si. Eg sier bærekraftig utvikling. Og med det meiner eg blant annet dette:

Handlingskraft i gjerningsøyeblikket. Det å ha evnen til å gjere ein tanke om til verdiskaping. Og for uss er ei bærekraftig verdiskaping eit være eller ikkje være.

Gjennomføringskompetanse. Det å benytte dei riktige verktøya, kjenne dei rette folka og tru på dei viktige tinga rundt uss. Med dette følgjer også muligheten til å bedrive samfunnsengasjement. Her følgjer kanskje til og med ordet langsiktighet med på lasset.

Værekraft. Det å tåle å høyre at ein er litt rar. Litt annerledes, ja til og med litt komersiell. Ta betalt for det andre ikkje ei gong er kry av at dei kan. Det å være den ein er og tru på det. Formidling av kulturarv, er eit eksempel på fornuftig værekraft.

Høve Støtt Hallingdal er etter sigende ei svært etterspurt mentorbedrift. Kvifor det? Eg trur noko av årsaken er at med villig deler alt me har lært uss gjennom mykje feiling. Me er ingen mønsterbedrift, på grunn av at me ikkje har noko fast mønster. For oss er det utruleg viktig at me opprettheldt ein sterk grad av dynamiske evner, klarer å snu uss etter markedsvindene og ta nokre rå-sjanser inn i mellom. Slik sett er me kanskje ei bedrift som etterlet uss eit mønster. Eit mønster det kan vær fornuftig å studere litt. Og lurer du på noko om dette mønsteret, eller på korleis me har gjort det, så deler me alt me kan. Alt!

Vår kunnskap er ingenting verdt før den er delt med andre. Så er det slik st det er eg som står på scena og delermest. Eg har eit eineste ynskje, ikkje kall meg konsulent. Det er for enkelt, eller for komplisert. Konsulenter er ofte høgt utdanna. Eg har fagbrev som kokk, skapt Høve Støtt Hallingdal og har gjort Opplevelsesøkonomiteoriene om til praksis, på norsk. E er i ukentlig dialog med dei som fastsatte begrepet og er i så måte ein av dei oppdaterte på området. Men, høgt utdanna er å ta i... Kall meg gjerne mentor, inspirator, unik, sær eller flink. Det likar eg godt. Og det kan eg i tillegg forstå innhaldet i.

Så skal me i Høve Støtt Hallingdal altså sørge for at fleire blir inspirert og tar tak i egen bedrift, q gjennom å være mentorbedrift. Akkurat no er det 4 bedrifter som bruker uss som mentorbedrift, og det er fleire på veg inn.

Eit spørsmål ein kanskje stiller seg, er om det kan bli for mykje Høve Støtt? Kan vår iver, vår kunnskap og vårt engasjement på nokon måte være skaldelig for norsk reiseliv? Berre ein tanke.

Men, som sagt. I banken kjem du ikkje langt med berre tanken.