- ei ære og ein æra!

20111117-201321.jpg

Kjære, Hallingdøl! På onsdag vart Høve Støtt Hallingdal kåra til Årets Reiselivsbedrift 2011. Reiselivsprisen heng høgt, og me er utruleg glad og stolt. No er det tid for å takke litt, og kanskje til og med forklare litt. For det er mange som skal takkast, og det er mange som kanskje lurer på kvifor me vant.

Fyrst og fremst. Tusen hjertelig takk til alle dikkon som har trudd på uss! Det er ein del av dikkon som har vøri modig og vøri med uss på reisa lenge. Reiselivsprisen 2011 dela me med dikkon.

Me dela også denna prisen med alle dei me samarbeida med i Hallingdal. Og me har lyst te å jobbe meir på Flå, Nesbyen, Gol, Hemsedal, Ål og heime i Hol. Høve Støtt sine opplevelsa e ikkje stadbundne og me er utruleg mobile. Men, skal du inn i Hallingskarvet Nasjonalpark sammen med Stifinner Trond, då må du møte opp hjå uss. Der blir det fyrst Ferdaråd, og so starta turen du alder gløyme.

Jobba du i ei bedrift som treng oppmuntring, motivasjon eller på anna måte bør leike litt i lag og utfordre korare? Her er eit forslag: ring Morten, Fyringsvakta i Høve Støtt. Så bli dikkon enige om kor mykje dikkon skal fyre, og når! Opplevelsan bli tepassa deg og dine, slik at du fær det du treng. Og litt meir...

Så som du forstår, Høve Støtt Hallingdal er for deg også.

Og so te slutt: Høve Støtt isceneset opplevelsa' på ein slik måte at alle opplev å væra ein del tå sjølve opplevelsen. Me er godkjent Norsk Økoturismebedrift, som betyr at me tek miljøet på alvor og legg ikkje att andre spor enn dei som bli værande i skallen din. Me er ein kulturarvformidler i og tå naturarven vår. Me ynskjer å bedrive Fjellflid!

Helsing Stifinner'n, Landsbyskalden, Fyringsvakta og Orakelet.