Tøffelplikt og gruffkureringseffekter

Eit av dei virkelig spennande reisleivsprodukta i Hordaland ligg eit godt stykkje unda Hardangerfjord og Fiskebrygga i fantastiske Bergen.Har du høyrt om Hålandsdalen? Huksar du ho smørblide og flinke skiskytterinna som er gift med den lille franskmannen med det artige etternavnet? No har dei skapt seg eit nytt liv i lag. Dei har bestemt seg for å bli reiselivsfolk. Og heldigvis for dei, er dei vant med tunge øykter og mykje arbeid for å nå målet. For reiselivet er nemleg akkurat det. Ei lang og tung øykt, der det er om å gjera og gjere dei riktige valga på vegen til målet. Og sjølv om egoet står i sentrum for det meste av tida som individuell idrettsutøver på toppnivå, er dei også vant med å bygge team rundt seg. I reiselivet handlar det sjelden om å bygge egoet sitt sjølv. Snarare trevrt om. Det handlar om å gjere andre gode, bedre og best rundt deg. Det får du nemleg rett tilbake. Som positiv effekt på omsetning og resultat. Og samarbeid er på sett og vis utgangspunktet for heile satsinga på Eikelandsosen. Innerst inne i Hålandsdalen. På garden te storesyster, Anja Helen. Som jo også er treffsikker. Det slår meg brått at desse har det morsomt på jobben! Dei har trudd på ein draum. Ein ny ein. Ja, for alle desse har jo hatt draumar du og eg har fått tikji del i opp gjennom åra. Og no kan du reise å bli ein del av denne som eg har opplevd.

Det skal noko til å beskrive heile opplevinga inne i Hålandsdalen på eit blunk. Men, det viser i alle fall at det er mange måter å bruke historiefortelling på. Liv Grete og Raphael brukar sine historier på ein levande og engasjerandre måte. Ikkje berre historiene rundt medaljer og heder, men også den historia som dei to har skapt, og no skaper neste kapittel av. Zipline, klatring god mat og ro. Det er nokre av dei tinga du kan få med deg ved eit besøk. Og hadde det ikkji vøri for iveren etter å køyre ATV, hadde dette stått fram som eit 100% miljømessig opplevelsesprodukt. Ja, heilt på grensa til Økoturisme, rett og slett.

Eg håper virkelig at fleire finner vegen til Skjebreid & Poirèe. Det er ikkje heilt enkelt, men skilting er kanskje på veg? Når du kjem dit må du hukse og ta av deg på beina. Tøffelplikt, sjølvsagt. Ellers er gruffkureringseffektene på plass, i lag med designmøbler og god standard på det du er i berøring med. Dei har også ein målsetting om å komme kontante penger til livs, så huks å ta med kort. Og proffe folk vil du måte i alle ledd. Og du; ta deg god tid til å slappe av... Eg vil tilbake!