I Hol Nasjonalparkkommune kan den politiske framtida beskrives med to ord: Mari og Even.

Det har nettopp vøri valg og godt er det. Kommunen min trengte litt nytt politisk pågangsmot og litt oppdtaterte haldningar på ulike områder. Dei ulike politiske partia i Hol presenterte for ikkje so lenge sea sine lister for valget 2011. For meg er det mange spørsmål ved desse listene. Blant anna kan eg ikkje fatte og begripe at Senterpartiet på det nærmaste utelukka sin eigen politiske slugger. Spesielt ikkje når antallet i kommunestyret i tillegg skulle nedjusterast i 2011. Nok om det. Senterpartiet vil nok via omvegar både bli lytta til og respektert som det tredje største partiet i Hol kommune.

For meg er det i alle fall utruleg gledeleg å sjå at det endeleg er unge vaksne på dei listene som har fått oppsluttning. At det er unge folk på desse listene, trur eg i seg sjølv er ei av forklaringen på det gode valresultatet. Og eg er utruleg stolt av at eg kjenner desse to representantene, og ser heilt klart at desse i kraft av deg sjølv vil bidra til utvikling, nye syn, ny kunnskap,andre erfaringer og mykje ungt engasjement i kommunestyresalen. Mari og Even er begge personer som påvirker og bidrar i alle sine omgivelser. La uss no inderlig håpe at Mari si Arbeiderpartigruppe og Even si Høgregruppe gir plass og ryddar vekk det politiske grumset. Kva eg meiner med det? Eg meiner at det netopp har vøri valg, og at det er tid for å starte med nye krefter.

Det har i ei årrekke vorte gjort utruleg mykje godt i Hol kommune. I samhandling myljo dei ulike partia. Og det er altså stor forskjell på sameksistens og på samhandling. Eg tur at dei unge representantene vil kreve samhandling. Energi! Engasjement i ein retning som er til det gode for dei innebyggerane som bur i kommunen. Så kjære dikkon som er litt eldre og bærer på politisk erfaring; La Even og Mari få spelerom. Dei representerer ein særdeles viktig del av våre innebyggere. Dei tenkjer nytt og er modige i valg og holdning. La dei vekse og la dei få spelerom.

Og til deg, Even og til deg, Mari! Eg er utruleg glad for at dikkon har tikji på dikkon dette ansvaret som politiske representanter og representonkler for uss unge i Hol Nasjonalparkkommune. For eg føler meg ung nok til å bli overmåtelig glad og stolt, når dikkon stiller til valg. Og er det noko eg kan bidra med, eller noko eg lurer på, så håper eg at me kan snakke i lag og sammen være med å bidra. Det kunne jo hende at me kunne knekke ei nøtt eller to. I alle fall: lykke te som folkevalgt i ein av landets beste kommuner. Akkurat det, gir både forpliktelser og muligheter.

Me snakkast! Helsing Pål

20110913-205520.jpg
Icemusivfestival på Geilo er avhengig av Even. Her i intervju med ABC News i januar.

20110913-205616.jpg
Mari er vertskap i Geilo Nasjonalparklandsby om vinteren. Engasjement er stikkordet!