Svaret er enkelt. Svaret er mamma og pappa.

Ko e du lagd av? Det hender seg en gang i ny og ne. Ikkje ofte. Eit par ganger i måneden eller noko slikt. At nokon kjem bort å spør: Pål , ko e du lagd tå? Tenkte eg like godt kunne svare her, så slepp fleire å lure. Svaret er enkelt. Det er mamma og pappa som har laga meg. Så på spørsmålet om kva eg er laga av, so er svaret enkelt; mamma og pappa. Dersom du lurer på korleis eg har blitt som eg har blitt, eller kvar eg tek ting i frå eller kvifor eg har det engasjementet eg har for ulike ting, ja då er svaret litt meir sammensatt. Men, det handler framleis om mamma og pappa.

I avisene kan ein lese at det er som å vinne i lotto, det å bli født i Norge. Eit av verdas beste land å vokse opp i. Og om du vil toppe det heile, burde du vokse opp i ei lita trygg bygd som Hol. Helst på ein gard med folk som bryr seg rundt deg. Og det er altså det som har forma meg til det eg er i dag. Og i likhet med deg, er eg unik. Ingen andre i verda er akkurat som meg. Du og eg er unike på kvar vår måte. Men, kva er det så som har gjort meg til meg?

Fri utfoldelse på jordet. Gardaleikan 1984. Mamma og pappa var med på dette.

Fyrst og fremst er det ”eit sett” med foreldre som eg har ein grenselaus respekt for. Desse foreldra utstyrte meg også med ei storesyster som var ferdig rigga med sunne verdiar og passe på meg som liten. Og som stor. Og ikkje nok med det! Eg fekk også det store gleda å få love te å bli storebror. Ei oppgåve eg har prøvd å løyse etter beste evne. Og det er desse som har forma meg. Så er det jo også slik at det er besteforeldre, ein onkel, ei tante, eit sykenborn eller to som har påvirka i ulike retningar. Ein nabo eller tre har vel også gjort inntrykk, og det samme med familiens venner som var tett på og rundt meg i oppveksten.

Det er likevel mamma og pappa som er skuld i det eg er i dag. Mamma med sine utrulege evner og oversikt, kontroll og nøysomhet. Eg kjenner ingen kvinne som har det overblikket og kan så mykje fornuftig som ho. Mormor og morfar er nok skuldige, men du verden for ei flott dame! Som ”opplvelsesekspert” er det lett å snakke om strikking, hekling, baking, hagearbeid, nøysomhet, detaljer, omsorg, trygghet og Gardaleikan. Alt dette har eg fått oppleve, prøve og nyte godt av i oppveksten. Mamman min er perfekt!

Så er eg jo då så fantastisk heldig at eg har søsken. Ei eldre og ein yngre. Dei har på kvar sin måte gjort meg til det eg er i dag. I sterk grad! Det er utfordrende og tilfredsstillende på samme tid, å være både storebror og lillebror. For det er det berre eg som er i familien vår… Syskna mine er aldeles utruleg verdifulle for meg.

Pappa er ei anna historie. Ja, for eg veit ikkje om nokon i min familie som er så ulik mamma kva gjeldt rydding som pappa`n min. Men, ellers er dei like. For pappa har også rigga meg med gode verdiar og tatt meg på ulike saker opp gjennom livet. Det er kanskje ikkje så rart at eg driv på med det eg driv på med, sidan pappa var formann i Hol I.L. i 17 år og kvar dag brukte tid på det frivillige arbeidet i heimbygda, og holdt eit imponerande høgt kvalitetsnivå på engasjementet sitt. Og så er det klart at alle dei gode stundene på garden har satt varige spor. Grundigheta, forståelsen av opphav, tilhørighet, kulturarv, formidling og ordets makt. Genialt å ha ein slik pappa!

Og begge er fylte til randen av kjærlighet til sine. Eg kjenner og ser kvar einaste dag at mamma og pappa virkelig elsker borna sine. SÅ det er altså det eg er laga av: Kjærlighet fra mamma og pappa. Så då veit du det.