Mental tatovering +

Ein plass i verden finnes det meir mot, meir ork, meir kunnskap, meir iver og meir å oppleve enn andre plasser. Kva er årsaken te at det er nokon som lykkes? Kva skal til for å orke nok? Kva er mogleg i Norge i dag? Dette er spørsmål som sviv rundt i skallen min kvar einaste dag. Eg liker godt å tenkje store tankar og endå bedre å gjera noko med slike store tankar. I mitt daglege virke leiter eg stadig etter folk som kan inspirere meg til å gjera enda meir. Har du det slik? At det er folk rundt deg som inspirerer? Det er i alle fall ei sann glede for meg, det å kunne sjå på andre som ledestjerne i livet mitt. No har eg endeleg møtt ei av dei verkeleg spennande og innovative lederstjernene blant opplevelsesprodusentene i Skandinavia.

Og eg som trudde at eg hadde forstått det meste rundt suksesshistorien Stokkøya Sjøsenter. Så inderlig glad er eg for å endelig ha møtt folket bak, høyrt tanken bak og opplevd lyden, synet, lukta og smaken av suksessen. Suksess fordi dei er i ferd med å bli det dei ynskje å væra.  Eg har dessuten kjent det på kroppen. Reint emosjonelt, altså. Dessuten har dei 2 siste dagan endra meg for livet. I tillegg til duvele god mat og imponerende iscenesetting av den totale opplevelsen på Stokkøya, fekk eg rett og slett ei mental tatovering.

Besøket starta med eit personleg og inderlig møte med Ordføreren i Åfjord kommune. Vibeke imponerte meg mest med å stille spørsmål som hadde praktisk fokus. Ho viste i tillegg eit ekte engasjement for kommunens innbyggere. Ho tok seg tid te å lytte, men brukte vel so mykje tid på og spørje seg gjennom samtalene me hadde. Eit suverent grep fleire burde lære av.

Så Stokkøya. Endelig. Det er av uvurderlig verdi at det finnes menneskje som orkar og vil meir enn det som normalt er. På Stokkøya finn du to slike. Torild og Roar. Den eine meir entusiastisk enn den andre. Eit rørande kunnskapsnivå om alt i fra biotoper til gjennbruk av materialer. Ein utvist og ærlig kjærlighet til smak, enkelhet, kompleksitet og sammenheng som eg tek med meg resten av livet.

I min skalle er det mange gode minner frå oppvekst, livet generelt og ein sammensatt kvardag. Besøket på Stokkøya forandra meg for resten av livet. EG forstår meir no enn før. Tusen takk, Torild og Roar.

PS: Kom deg ut på nettet, eller ring og bestill bord på Strandbaren. No, med ei gøng!