Viljen, makten og æra!

Tenke seg til! Noko så ufattelig bra! At det går an, tenkjer jeg. At det går an for enkeltmennesker i ei lita bygd eller to, og inneha eit slikt vanvittig engasjement! Ja, for det går an! I Hardanger OG i Hallingdal. Eg tenkjer sjølvsagt på Hardangerviddatunnelen . Dette unikt viktig prosjektet som i endå sterkare grad vil gjere næringsutvikling, samfunnsutvikling, tilflytting, turisme og optimisme, mulig! Etter det eg no har fått forståelse for, er dette eit av dei viktigaste tiltaka som er gjort på strekningen Bergen - Oslo, sidan Bergensbanen. Eg stemmer i. Eg var ikkje tilstades då dei diskuterte Bergensbanen, men eg skal love deg ein ting! Eg er her no, og no er eg her!

Det er mange årsaker til at eg no har prøvd å sette meg litt meir inn i saken. Den eine er at folket i Eidfjord er heilt utruleg sjarmerande og har eit pågangsmot som eg skal prøve å strekkje meg etter å få. 

Og så! Sett i frå eit miljøperspektiv er dette ikkje noko anna en genialt. ALL vilreinproblematikk vil forsvinne. Flora, fauna, luft, vatn og kulturrikdommer vil ivaretas bedre en slik situasjonen er i dag. Dette er bærekraftig på alle måter. Også transportøkonomisk og  tidsbruk-teknisk. Atraksjonen på Hardangervidda aukar for all verdens turist. Sommer som Nasjonal turistveg, og på vinter som ein sikker snarveg under Hardangervidda Nasjonalpark. (sånn cirka...). Denne saka har berre oppsider! 

I Hardanger Fokeblad seier Tunnelgeneral Sverre Kleivås det slik: 

– Når Hardangerbrua står ferdig i 2013, og strekkja Sokna-Ørgenvika året etter, vil det berre vera att ein propp, nemleg Vidda, seier Sverre Kleivkås. I tillegg til vinterfordelane, vil denne løysinga også ha mange fordelar sommarstid. Vøringsfossen og området der er utpeika som eit av tre nasjonal ikon i samband med turistvegprosjektet. Her er det planlagt investeringar for rundt 110 millionar kroner. Med ein lang tunnel under Vidda og gamlevegen sommaropen, vil den kunna behaldast som turistveg.

Han representerer viljen. Sammen med våre egne, Ivar Arne Lid og Rasmus Sandnes. Ivar Arne og Rasmus fortener ein personlig takk frå kvar enkelt av dikkon som vil, har tenkt på eller vurerer å bu her i framtida. I Hallingdal som region. Ja, for det er så viktig dette er. For at Hallingdal i framtida skal bli vurdert som interessant av tilflyttere, investorer og turister, er det avgjerande at dette prosjektet lykkes. For at prosjektet skal lykkes, må DU engasjere deg.

Du representerer makta. DU og andre som engasjerer seg, har makta.

Og æra? Vel, det får tida vise. Den skal heilt sikkert delast på mange når prosjektet står ferdig i 2020, og Kongen er der for å klippe snora med sakseapplikasjonen sin til iPhone. 

Men, eg skal i alle fall sende tankar på julaften til Sverre, Ivar Arne og Rasmus. Dei 3 er for meg viljen, makta og æra. I all Hardangerviddatunellevighet. Amen.