Min generasjon turister vil ha ferskvare!

”Ein skulle nesten tru at alle innen politikk og reiseliv iHallingdal er stappmette, rike nok og ferdige med jobben sin”

Eg må nok ærleg innrømme, at eg er litt overraska over kor få sentrale personar i Hallingdal som har uttala seg til Hallingdølen i forbindelse med ei felles satsing rundt Hallingdal som reisemål. Og ja, ikkje berre overraska men, rett og slett litt lei meg. Eg trudde virkelig eg budde i ein tå dei regionan i Norge med offensive og framoverlente ordførera og reiselivsfolk. At Thorbjørn Rustberggard er enig og helsar dette velkommen er ikkje so rart. Eg har meir enn ei gøng henta inspirasjon i frå motet og viljen hans. Men at det skulle bi so dørgende stille frå resten, skremmer meg. Har eg grunn til å være redd?

For eg vil leva tå turisme. Eg vil tene pengadn mine på å skape opplevelsa for gjesti og fastbuande som kjem hit og vil oppleve. Eg vil gje noko attende te dei som legg turen, ferien, konferransen, besøket, jubileumet eller brullupet sitt hit te Hallingdal. Og eg vil at min sønn også skal ha moglegheit til å utdanne seg te det han vil, og få lov til å skape opplevelsa for gjester, om det er det han vil. 

Men kjære du som ikkje les dette! Då må det jaddi skje noko no. For Hallingdal er ei ferskvare. Den som ikkje har fått beskjeden i frå kontofonen sin i banken om at ”kontoen er full”, han bør lese vidare. For eg har eit forslag.

I og med at Hallingdal er ei ferskvare, er det no på tide å sjå te at det blir vekst. At det tilføres nok energi og lyse idear, og at dei som kan behandle ferksvaru slepp te. Eg er klar over at mange i dalen er glad i hermetikk og konservering, og eg er heilt enig i at det me haustar av ei ferskvare godt kan hermetiserast og takast vare på i hyllun. For eksempel eit merkevarenavn nokon har smakt på over tid. Men det er hermetikk. Noko endeleg og gitt. Folk vil ha ferksvaru! Gjesti vil ikkje veta alt på forhånd. Dei vil ha opplevelser, spenning, forventning og overraskelser. Det får du sjelden ved å åpne ein boks med hermetikk. I alle fall når det står på etiketten kva som er inni, og når den vart pakka. 

Dette er ei ferskvare...

Min generasjon turistar vil ha ferskvare. Og heldigvis er Hallingdal ei ferskvare i sitt beste velgående. Og den er slettes ikkje dårlegare enn andre. Den er til og med slik innretta i frå naturens side at den ber frukter året rundt.Heile Hallingdal sydar av spennande tilbod heile året. Det finnes dei som har stelt bedre med sin del ta Hallingdal enn andre, og andre som har plani. Det dukka opp den eine geniale ideen etter den andre. Men, som du sikkert veit; Det var ingen komponenter i glødelampa til Thomas Edison i 1879 som var nye. Faktisk var alle kjente frå før. Det var kombinasjonen av komponentene som var det unike. Så la uss sjå kva som skjer om du sett sammen Flå, Nesbyen, Gol, Hemsedal, Ål og Hol til ein ny komponent. 

Kjære, ein eller annan politiker som har fått tillitt på eit eller anna tidspunkt. Kan nokon få pennen ut i frå øyrekorken å invitere te ein sabbent og samlande møte der me finn ut korleis me skal håndtere ferskvara Hallingdal? Mitt telefonnummer er 97 53 43 33, dersom du treng ein ordstyrar. Me pratast?