Fyrste Dølaleiken på vetreføre...

Så var det endelig klart for skikkelig vetreføre på Geilojordet. Det er det beste som finns! Kald, rein og estetisk vakker snø på Geilojordet. Han kom tidleg i år, men det gjer absolutt ingenting. Årets fyrste Dølaleik på vetreføre, vart i alle fall ein stor suksess. Me fekk testa ut eit par oppjusterte øvelsar, og det fungerte etter planen. Firehånds ringspel, krev full konsentrasjon

Firehånds ringspel satt som ei kule, med dei nye tauringene. Fakkelstativa var også i bruk for fyrste gong. Vakkert å sjå desse sjølvkomponerte fakkelstativa i bruk. Me er heldige som har Geilo Mekaniske og andre hønduge kara i omrpdet her oppe på Geilo.

Legg ved eit bilete av firehånds ringspel. Me sjåast!