Det er 1. august og veten nærmer seg!

Ein figur frå Solverket, ei forestilling på Geilosmiu / Øyo Fabrikker Det var like før eg la om te vinterdekk i går. På Holsåsen var det visst 1 grad og lett regnvær. På Geilo sneik det seg ned mot 2 grader også. Jaggu, gøtt eg ikkje pakke vekk vinterdekka. Vel, vel! Hausten nærmer seg og det er mykje som sviv i skallen på ein enkel kar i frå Hol. Sumaren er kort, syng Tomas Ledin. Tomas har rett i det! Den er jo relativt kort, sammenligna med veten. I alle fall her oppe i fjella!

I sumar har me (Høve Støtt as) virkelig tatt fatt på det individuelle markedet på Geilo. Som opplevelsesprodusent. Brevandring og barneprogram har vøri ei svært velukka satsning. Me har snart hatt 60 gjester på breen. Det er me svært fornøgd med. I 2008 hadde med knappe 40. Og bresesongen er framleis ung...

Ellers er det slik, at august er starten for min offisielle blogging. Frå no, vil det bli skriverier i alle fall eit par gonger i veka. Og om du vil følgje med, så er du hjertelig velkommen til det.

Aller først no, vil det bli daglege rapporter med skjeldru i frå Cleveland, Ohio.