NM i Folkemusikk er i gang

Det krys av folk på Geilo! Det er NM i Folkemusikk. 700 frivillige, over 1700 utøvere. Ål og Geilo har ei stor og solrik utfordring foran seg. På nettsidene til NM i Folkemusikk kan vi lese dette: Som eit supplement til Landskappleiken har Landslaget for Spelemenn arrangert Landsfestivalen i gammaldansmusikk sida 1986. Båe arrangementa har hatt stor oppslutning. I 2009 vil desse to arrangementa bli slått saman, som eit prøveprosjekt. Me får dermed ein Norgesmeisterskap i Folkemusikk i Hallingdal. Ål spel- og dansarlag og Geilo Spelemannslag er tildelt arrangementet. Dette blir Norges største og leiande tevling og presentasjon av norsk folkemusikk. Det blir tevling i solo og samspel, song og ulike instrument, samt dans. Det blir både elite og breidde.

Det heile startar med ein stor utandørs dansefest i Ål folkepark, og med tevling i open klasse. Onsdag fortsett tevlingane, som då vil gå føre seg på Geilo. Det blir kvalifiseringar på dagtid og finalar om kvelden. Det blir høve til å danse kvar kveld, til landets beste spelemenn. Sundag blir det fyrst folkemusikkmesse i Ål kyrkje før Meisterkonserten på Geilo rundar av det heile.

Arrangørane ser i spenning fram til denne nyskapinga og vil gjera sitt yttarste for at både deltakarar og publikum skal trivast desse midtsommardøgna i øvre Hallingdal. Me ønskjer alle velkomne til NM i Folkemusikk 23.-28. juni 2009!