Spel, Bjella! Spel!

Like før hlelga va eg på jobb for Hallingplast nere i Kleivi Næringspark. Hallingplast feirer nemleg 40 års jubileum i år. I forbindelse med dette, var det laga te ei faglig samling i den gamle produksjonshallen. Med flotte foredrag og god underholding. Og mat! Fantastisk Hallingtapas i fra Geilomat / Bardøla Høyfjellhotell. Maten smakte utsøkt, men det som imponerte meg aller mest, blant faglig innhold og herlig mat, var likevel underholdningen. Stein Torleif Bjella. Har du ikkje høyrt om mannen, så er dette altså ein stille, smart, lur og vidunderlig type i frå Øvre Ål. Ein karakter som er det fordi han tek seg tid til å være seg sjølv. Stein Torleif har skrivi låter i mange år, og nokon kjenner kanskje til hans forrige prosjekt, som heitte Tolv Volt. Det også er stein-tøft!

Stein Torleif Bjella, fungerer også veldig bra aleine. Heilt aleine. På klubbscena, på plate eller på visekonsert. Aller helst skulle han ha vore i di eiga stue. Og spelt. For han gjer det så inderlig godt.

Under 40 års markeringa til Hallingplast kom ham med Kreken på bass og ein byfant på gitar. Herlige fyrer begge to. Stein Torleif kom med seg sjølv, gitaren og sine sjølvskrevne låter. Det er ikkje rart at Kjartan i Dum Dum, har sansen for det Stein Torleif gjer. Og Kjartan kan si ko han vil om ko som helst innanfor norsk musikk. Eg meiner. Han har jo laga det som er aller, aller best! For meg er det Dum Dum mystikk i det Stein Torleif leverer. Berre litt høfligare. Litt roligare. Litt meir jordnært. Slik det ofte kan framstå i Øvre Ål. Rolig og jordnært.

Gå på butikken. Spør etter CD`n Heidersmenn

Stein Torleif Bjella med band

Den vil du like. Spel skiva i lag med stillet i heimen. Eit glass portvin kanskje? Vær forberedt på at dette tek litt tid. For du vil heilt sikkert spele skiva ei gøng te.