Unnskyld, har du stikk-kontakt her?

Kanskje eit av dei mest stilte spørsmåla på kafe, offentlige stader og der folk ellers møtes. For ko i all verden skulle du gjort utta straum i dag? Eg tenkjer då fyrst og fremst på alle dei som treng straum til iPod, iPone, PC, mac, duppeditter og alt stash som er med på tur. Akkurat no, eller for ei lita stund sidan, så kom eg til Oslo. Grått vær og lite med shopping-tid, så eg såg meg nødt til å sitta inne på kafè. Eg tok den fyrste eg såg, som låg like ved busterminalen. Triveleg lokale.Utsikt fra kafe i Oslo -Unnskyld, har du stikk-kontakt her?

Den trivelege mannen bak kasse såg på meg med store brune auge. Tenkte seg litt om og peikte bortover i lokalet. Og her sitt eg altså. Blant frysebokser, pappkartonger, kjøleskap, traller, triller og altså ei dobbel stikk-kontakt. Neste mann som kom og spurte, var berre 4 minutter bak meg. Han vart også henvist hit. Men den eina kontakta som var der, den hadde eg okupert. Fordi eg trengte straum. Ja, for pc`n min var neste tom for struam. OG korleis i alle vide verda skal eg ellers slå i hjel 2 timar på kafe? Uten pc eller tlf blir det ingen TWITTER, ingen Facebook, ingen blogging og ingen sms. Det skulle tatt seg ut gitt! Men, altså ei stikk-kontakt tilgjengelig i heile lokalet? Det heldt rett og slett ikkje. Når me pussa opp på HUGin på GEilo stasjon no, så sørge eg for at me har 20 ledige stikk-kontakter. Slik at alle lade-trengte får det dei treng. Service heitter det. Sjølvsagt, kan du også kalle det.

Stikk!

Ha ein strålande nettverksbyggande dag!