Tøff - tøffere - tøffest

NSB - ein viktig aktør i Hallingdal! Eg les på ulike nyhets-kanaler i Hallingdal at 100-års markeringa av Bergensbanen har vore ei vellukka affære i heile Hallingdal. Flotte bilder i frå nesten heile Hallingdal er å finne på nettet. Folk har møtt opp. Publikum og reisende har kommet i hopetall. Men for kva? For å oppleve noko annerledes!

Og tenk om. Tenk om Hallingdal, Bergensbanen, destiansjoner langs Bergensbanen og Finse kunne samlast. Tatt denne tanken heilt ut! Engasjert folk, satt opp budsjetter og dundra til med ukentlig avgang fra Oslo til Finse! Dei fleste tunnelane ned frå fjellet er ei litt større utfordring, men i alle fall Oslo – Finse! Med for eksempel overnatting på Geilo. Dagstur til Finse med omvisning og kyndig veileding på museet for dei som ville det. Andre dagsturer kunne være Flåm, med banen heim att te Geilo. Eller Eidfjord, med stopp ved Vøringsfossen. Tilbake til Geilo og ein fabelaktiv kveldstur tilbake til Oslo.

Ikkje mulig? Å jo da! Det aller meste er mulig. Det er til og med heilt sannsynlig at du kunne blitt tatt riktig betalt for ein slik tur, samtidig som du tilførte regionen nye gjester. Og så kunne det væra opp til dei ulike destinasjonene kva som skulle skje på dei ulike stadene. Folk kunne jo gå av der dei ville, må vite! ”2009 vart det året Bergensbanen begynte å tenke nytt”! Orientekspressen er nevnt. Raumabanen er eit anna eksempel. Over heile verda finnes gode eksempler på at dette med tog, og togtrafikk er svært interessant. For mange. Svært mange.

Kvar lurdag sumaren 2010?

Skulle kanskje Regionrådet i Hallingdal innkalla til idedugnad og kikke litt på korleis dette kunne sett ut på ein kalender? Me kan sjå på budsjetter og så kanskje med kan få til ei virkelig flott togsatsing i regionen?

I følge B. Joseph Pine II som har skrivi svært mykje litteratur om opplevelsesøkonomi, er Bergensbanen den togstrekningen i Europa som har gjort minst med sitt potensial.

Det kunne vore interessant og komma sammen og sjå på moglegheitene rundt dette. Eg stiller!