Vertskapsrolle? Finnes det der du bor?

I mitt tilfelle er det opplagt! Eg lever av at alle i Hol Kommune syns og meiner at turisme er bra. Og ikkje berre bra, men viktigast av all næring. Og dette kjem i frå ein som bur i Hol, og veit kva betydning landbruket og industrien har hatt, og vil få.  Vertskapsrolle Som reiselivsaktør i ein av landets viktigaste regioner, Hallingdal, er det viktig å halde seg oppdatert og fokusert på trendane i reiselivet, endringar i marknaden og alt det der som står i avisu som blir trykt i Oslo. Som forholdsvis ung gründar, har eg lært meg å høyre på folk som har kunnskap og lytte spesielt til dei som er audmjuke og deler sin kunnskap med andre. Det har lært og inspirert meg mykje. Mitt vesle selskap som heiter Høve Støtt er ei bedrift med 4 medarbeidarar som produserer reiselivsprodukt med innhald. Me tek vare på gjesten som har kommi hit til Nasjonalparkommunen vår. Alle som jobber i Høve Støtt føler oss forplikta til å ta vare på gjestene som kjem hit på besøk. Om det er engelske, svenske eller folk heilt ifrå Drammen, spelar mindre rolle. Vertskapsrolla er ei av våre viktige oppgåver som reiselivsaktør på Geilo. Nasjonalparklandsbyen. 

9 av 35 I Høve Støtt gjer me ting grundig. Denne våren har me blant anna tatt i mot ei studine i frå Nederland som studerer internajonal forretning og språk. Ho snakkar hollandsk, tysk, engelsk og til og med norsk. Ho er heilt hekta på skøyter! Ein av dei viktigaste grunnane til at ho valde å studere det obligatoriske halve året utanlands akkurat i Norge og i Hol, har alt og gjere med dette råskinnet av ein skeiserennar i frå Hovet. Vidare fann ho bedrifta mi interessant i forhold til dei Nederlandske gjestene sine ynskjer. Me takka sjølvsagt ja til dette, og inviterte ho til å jobbe for uss i 6 mnd. Det fyrste ho fekk i oppgave var å ”mysteryshoppe” i Geilo sentrum. Utgi seg for å være ein turist, stille enkle spørsmål og notere svara. Me ville finne ut kva dei som jobbar på Geilo visste om uteaktiviteter, i tillegg til ski. Om det var nokon som nevnte uss og kva dei eventuelt visste om kva me tilbyr av aktiviteter. Resultatet var nedslående. Av dei 35 bedriftene ho var innom, var det kun 9 av dei som visste om uss. Svara som kom i frå dei ulike bedriftene var greie nok for vår del. Me fekk atter ei gong bekrefta at me har eit godt stykke at før me er kjent blant alle som bur i Nasjonalparkommunen Hol. Det som skremmer er holdningen blant dei som står og skal prate med gjestene som besøker oss. Forstår dei ikkje at det er reiseleiv me lever av alle saman? Ta vekk reiselivet i 30 dager og sjå kva som er att? At me har økologiske bønder, litt jernindustri og ein stor kommunal administrasjon som gjer eit godt stykke arbeid på kvar sin måte, er jo bra. Men, utan reiselivet. Kva då?

Vær så snill! Vær vertskap! Visst dikkon vil bu her i denne delen av verden, så er det ein ting som er viktigare enn noko. Vær vertskap! Gjester som kjem til ein reiselivskommune som Hol forventar at du kan svare på enkle spørsmål. At du kan vegen til postkontoret og at du er litt oppdatert. Dersom du held deg oppdatert og tipsar sjefen din om at du vil bli informert om kva som skjer rundt i nasjonalparkommunen vår, så kjem det fleire gjester. Fleire gjester gir meir peng i kommunekassa. Fleire peng der, gir kommunen moglegheit og grunnlag for å utbedre skoler, barnehagar og til og med vegar rundt omkring. At du ikkje veit alt om uss i Høve Støtt er ikkje så farleg. Det kjem etter kvart. Men, ta i alle fall ansvar for å kunne svare ein gjest eller fem, med riktige svar. Då er sjansen for at han kjem tilbake stor. Og i Hol kommune er det plass til fleire. Og visst no dei som har tenkt seng i lengre tid, byrjar tenke innhald og oppleving, ja då vil Geilo være eit alternativ for turistar i fleire år framover. Vær vertskap! Vær så snill!

 Det er mulig dette bare er et problem på Geilo?